News Item

Songar av Joni - ein hyllest til Joni Mitchell. Norway, May 11, 12, 13

Posted May 05, 2023

40 år etter at Joni Mitchell heldt sin einaste konsert i Noreg, og same året som ho fyller 80 år, kan du oppleve eit knippe av hennar fantastiske songar framført av lokale, nasjonale og internasjonale artistar:

Siril Malmedal Hauge med band
Duoen "Roses for Joni" frå Italia
Christina Friis-Nielsen frå Danmark
Emma Sævik
Vegard Kvamme Holum
Tolvtetten
Orkester med strykarar og blåsarar
Orkesterleiar Magnus M. Joelson
Konferansier Bjørn Holum

Fosnavåg konserthus har invitert Siril Malmedal Hauge med band til å sette saman ein tributekonsert til denne dama som fyller 80 år i november. I tillegg har vi invitert duoen "Roses for Joni" frå Italia og Christina Friis-Nielsen frå Danmark.

Fosnavåg konserthus har jobba med prosjektet ei tid og kome fram til ei form og eit innhald som kan bli spektakulært og mektig. Det blir også ei solid lokal forankring og frå Fosnavåg skal både Vegard Kvamme Holum, Emma Sævik og koret Tolvtetten bidra til det. Det er også sett saman eit stort orkester med strykarar og blåsarar på 12 personar

Siril Malmedal Hauge frå Langevåg, men busett i Oslo har med seg Kjetil Mulelid på piano, Martin Morland på bass, Henrik Lødøen på trommer, Martin Myhre Olsen på sax og Torgeir Hovden Standal på gitar.

I byrjinga av tjueåra oppdaga Christina Friis-Nielsen Joni Mitchell gjennom ein avisannonse laga av den danske gitaristen og produsenten Henning Olsen, som leita etter ein songar for å framføre musikken til den kanadiske singer-songwriteren. Omgåande fascinert av kompleksiteten og skjønnheita i musikken, vart møtet mellom Henning og Christina utgangspunktet for Christina sin eigen karriere som singer-songwriter. Etter ei rekkje konsertar i Danmark reiste ho til USA, der ho skreiv og spelte inn sin eigen musikk, medan ho heldt fram med å foredle repertoaret til Joni Mitchell. Ho har spelt inn totalt fire Joni Mitchell-hyllest-album. Dei fleste av desse albuma har fokusert på songar som aldri har vore gitt ut av Joni Mitchell sjølv, og det siste album heiter The Quiet of Knowing: Joni Mitchell Unknown og inneheld songar arrangert av amerikanaren Dave Blackburn. Songlista inkluderer dermed Joni Mitchells aller første låt, Day After Day, skrive i 1966, då Joni berre var 23, og som Christina skal framføre på konsertane i Noreg saman med tre andre «ukjende skattar» i Mitchells tidlegaste songkatalog.

Orkesteret, som har fått namnet "Wild Things Run Fast-orkesteret" er samansett av bandet til Siril M Hauge; Kjetil Mulelid - piano, Martin Morland - bass, Henrik Lødøen - trommer, Torgeir Hovden Standal - gitar og for dette prosjektet også Vegard Kvamme Holum på trompet. Ellers er desse med: Ålesund strykekvartett som er Ai-Ling Chiu og Laurens Weinhold på fiolin, Linda Bønes på bratsj og Samuel Skrede på cello. Nora Hannisdal - horn, Knut Elias Barstad - tuba, Øyvind Granden Berg - fløyte, Arnulf Johansen - obo, Håkon Hagen Knudsen - klarinett, Miki Campins - perkusjon og Birgitte Volan Håvik på harpe.

Magnus Murphy Joelson skriv arrangement for kor og orkester og skal vere orkesterleiar i tillegg til å spele trombone.

I tillegg til Fosnavåg blir det også konsert på Operahuset på Norfjordeid torsdag 11. mai og på Parken kulturhus 12. mai.

Konsertane er støtta av: Sparebanken Møre, Sparebanken Søre Sunnmøre, Havila, REM, Olympic kulturfond samt Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturrådet. More information here